|
|

|
|
|
|
Ei god seng. Eit godt brød. Ein varm omn.
Bjåen Fjellstove kan gje deg enkle, men gode gleder.
Det gamle huset med veggar som har stått støtt for gjester i 125 år, og husa både engelske lordar og norske kongar, ”kjøbmend”
og ”husfruer”, fjellvandrarar og musikarar, og som vore gjennom ei nedtaking, flytting og oppattsetjing, står i dag på ny
og tar imot gjester som vil kjenne ånden av den gamle historien.
I 1884 steig Margretha Opedal inn døra som den fyrste vertinna på Hotel Børte, i Byrte i Tokke kommune. Hotellet låg i reiseruta
mellom aust- og vestlandet, og ei ynda rute for utanlandske turister. Då som no var ”Fjordane” eit kjent reisemål. Men tidene
endra seg, og vegane endra seg.
I 1937, den 16. oktober, kjøpte Aslak og Ingebjørg Bjåen det staslege sveitserhotellet. Stokk for stokk vart dei høge veggane
tatt ned, alt godt merka, og alt godt teke vare på. På ein liten lastebil vart heile huset køyrt og flytta til Bjåen. Og like
nøyaktig som det vart teke ned vart det sett opp att, stokk for stokk, men i ei anna fjellgrend, 6 mil lenger vest.
Ingebjørg kunne stolt helse dei fyrste gjestene velkomen til påska i 1939. Med åra vart det mange gjester å helse på. Kraftig
bondekost og godt vertskap vart Aslak og Ingebjørg særleg kjende for.
I tillegg til turisme var det dyrehald og gardsarbeid som høyrde til. Og sonen Sigurd tok over garden og starta mjølkeproduksjon
i større stil i 1979, eit fellesfjøs med lausdrift og 30 kyr.
I dag er det sonedottera til Aslak og Ingebjørg, Ragnhild, som tar imot gjester i fjellstova. Ho gjekk og trødde i forkledet
til gome si på fjellstova frå ho var lita. Og etter fleire år med studie og arbeid andre stader, kom Ragnhild heim att til
Bjåen. Avgjerda var teken, ho ville gjera alvor av å opne att dørene på Bjåen Fjellstove. Og drive med gardsturisme med kyr,
naturbruk og lokale råvarer som basis.
Heimslege gleder og gamle draumar, var namnet og målet.
Og i 2008 var det på ny opningsfest i det gamle huset, og Bjåen Fjellstove vart sertifisert Norsk Økoturismebedrift, som
den fyrste overnatting- og serveringsbedrifta i landet.
Merka på stokkane ser du enno. På veggane, i taket, i golvet. Og fotetrakk etter alle gjestene kan du enno sjå merke av på
dei slitne trappetrinna, du kan kjenne kor godt handa fell der i rekkverket, kjenne svikten i golvplanken der andre har gått
før deg.
|
|
|
|
|
Virkelig
Etter en lang reise
Bussvinduet har vist
de kjente plassene i video-opptak
Mediet subvokalisert sitt logo "Alt mitt er ditt"
og zoomet seg selv ut gjennom øynene mine
Jeg går stien opp gjennom bjørkeliene
Oppslukes av skaret mellom Flottekulten og Bukkenuten
lenge før jeg når fram til kjeften av himmel og stein
Søker vannspeilet i dalsøkket med de irrgrønne skråningene
Heiloen som skriker inne i hodet mitt
Her er jeg
sier jeg
og stanser
360 grader til stede
endelig midt i verden
Arvid Malme
|