...

historie1.jpg

Turistar over heia  

historie2.jpg

Tamreinflokken på isen   

historie3.jpg

Hotell Børte   

historie4.jpg

 

 Flytting av Børte Hotell til Bjåen   

historie5.jpg

Bjåen Fjellstove rundt 1960

annonse.jpg

 

 

   

Bjåen

Bjåen ligg på 900 m.o.h., der Setesdal austhei og vesthei møtest. Bjåen har alltid vore eit knutepunkt mellom aust-, vest- og sørland. Dei gamle ferdavegane over fjella syner enno godt.

Høge og frodige heiar gav mykje vilt, fisk og godt beite, og var livsgrunnlaget for dei som levde i Fjellgardane.

Handel med storfe og tamreindrift var og viktige næringsvegar, i tillegg til gardsturisme. På Bjåen var det overnatting og servering på alle gardane. Utmark og turisme er også i dag viktig for gardsdrift og busetnad her.

Bjåen Fjellstove

I 1938 vart Bjåen Fjellstove sett opp på Bjåen, ein av dei høgstliggande gardane i Setesdal. Det store huset i sveitserstil vart flytta frå Tokke, der det var bygd i 1884. Då heitte det Hotell Børte og var eit av dei finaste hotella i området. Stokk for stokk var det tatt ned, og bygd opp att. Mykje av inventaret fylgde med, og står enno i huset.

På Bjåen vart Fjellstova drive med fullpensjon fram til 1972, og mange jegerar, fjellvandrarar og gjennomreisande har overnatta her.

Me har no planar om restaurering av Bjåen Fjellstove.
Gardsturismeprosjektet har me kalla ”Heimslege gleder og gamle draumar”.

 


 

...
Bjåen Fjellstove
Org.nr.: 989311883 MVA



Drivar av Bjåen Fjellstove:
Ragnhild Bjåen

Telefon:
(+47) 97 15 59 08

(+47) 37 88 57 00

post@bjaen.no
ragnhild@bjaen.no